leder  
Av Asle Hindenes
styreleder i NARF

Rock & roll og arbeidsglede
Eg har lenge lurt på kva eg skal bli når eg blir vaksen. Sidan det no er mindre enn 10 år til ordinær pensjonsalder tek beslutningsperioden og alternativa til å avgrense seg kraftig. I funderingsperioden har eg jo måtta gjort på noko for å tene til livets opphald.
Som ekte blåruss med økonomisk gymnas og foretaksøkonom NHH (jobbing om dagen og kurs om kvelden), kom eg i denne utskjelte rase, blåruss. Eg har likevel aldri skjems av å vere blåruss. Det er vi som må rydde opp når raudrussen har brukt pengar dei ikkje hadde, så upopulariteten har naturleg fotfeste.

Arbeidslause er vi sjeldan. Økonomane er som navigatørane. Vi skal finne den økonomiske posisjon og gje råd om ressursbruk og retning vidare. Vi leverer eit viktig beslutningsgrunnlag anten det er i næringslivet, det offentlege eller til vårt rikhaldige organisasjonsliv. Alt frå små aktivitetslag til eliteserieklubbar i fotball ser ut til å ha eit visst behov for økonomisk styring og kontroll.

Regnskapsbransjen har også vist seg å gje økonomar eit godt grunnlag til å starte og utvikle eiga bedrift. Etter 13 år i næringslivet var tida moden også for meg til å starte sjølv, saman med min gode ven og bassist frå rocketida. Det har vore 25 spennande år og det har balla på seg litt etter kvart til vi i dag er 16 tilsette.

Apropos rock & roll så las eg ein artikkel for ei tid sidan der ”rockebandisme” på arbeidsplassen var tema. Speleglede, samstemt, alle har si rolle, det svingar, men det er synleg og sårbart når berre ein sviktar og det rammar alle. Slik kan vi dra dette vidare og overføre til andre arenaer der folk jobbar saman.

Det viktigaste når alt kjem til alt er kanskje arbeidsglede og følelsen av å vere til nytte for andre.

Kombinert med pågangsmot, godt humør og nøktern optimisme er det drivkrafta i det meste når du skal virke over tid. Det er få feilsteg i livet som kan måle seg med lang spesialutdanning som viser seg å vere nedtur når du endeleg kjem i jobb. Kvardagen stemde ikkje med forventningane.

Arbeidsglede vert i den nemnde rockeartikkel definert slik:
At du trives med arbeidet ditt, at du gjer ein jobb du er stolt av, at arbeidet ditt er viktig, at du har utfordringar og har det artig på jobben, at arbeidet ditt gjer ein forskjell (det merkast bl.a. fort om du er borte.)

Skal ein få dette til er det eit stort leiaransvar å legge til rette og følgje opp, men også eit fellesansvar der kvar tilsett må yte sitt. Det skal ikkje mange intrigemakarar og ryktesmedar til før eit trygt og godt arbeidsmiljø slår sprekker.

Samtidig er det viktig at det den enkelte opplever som uheldig, urettferdig og negativt vert formidla på ein korrekt måte til den som har ansvaret. Det smittar fort over på vår kundeservice og vidare på vårt renommè om arbeidsplassen er prega av vantrivsel og misnøye.

Vår bransje er midt iden hektiske årsoppgjertida der arbeidslyst og arbeidsglede heilt klart er eit fortrinn.

Vårt publikum er i denne rockemetaforen våre kundar som vi får aller nærast kontakt med i ”oppgjørets time” med regnskap og skattegrunnlag.

Håpar det vert ei positiv og samstemt oppleving for band og publikum!

Optimisme og pågangsmot tar vi med oss inn i det nye år!

Asle Hindenes
Styreleder i NARF