logo
Glemt brukernummer eller passord

NARF-byrå er attraktive arbeidsgivarar for økonomistudentar

Ei ny undersøking viser at fleire NARF-byrå hevdar seg på lista over attraktive arbeidsplassar for økonomistudentane.

I undersøkinga KarriereBarometeret, gjennomført av Studenttorget og konsulentselskapet Evidente blant 5000 studentar, vart dei framtidige økonomane bedne om å vurdera kva som påverkar deira val av arbeidsgivar og kor attraktive dei ulike organisasjonane og bedriftene er som arbeidsgivarar.

Høg kvalitet er viktigast
Studentane oppga at det viktigaste kriteriet for ein attraktiv arbeidsplass er at organisasjonen leverer kvalitetar/tenester av høg kvalitet. På andreplass kjem balanse mellom jobb og fritid, medan spennande arbeidsoppgåver kjem på tredjeplass.

Rekneskap med gode plasseringar
Visma kjem på 37. plass over arbeidsplassar økonomistudentar ynskjer å jobbe, medan 79 % kjenner til merkenamnet. Av andre rekneskapsbyrå finner vi Økonor på gode 60. plass, med 59 % kjennskap hjå utvalet. Vidare er Amesto på 65. plass, med noko mindre kjennskap, 34 %. Vekstra kaprar 98. plassen, og har 32 % kjennskap hjå studentane. Mirror er på 112. plass, med 49 % kjennskap.

Det er verdt å merke seg at Visma har lågare kjennskap blant ingeniørstudentane, 37 %, noko som kan tyde på at service-delen har markert seg godt i den ”interne” konkurransen med softwaredivisjonen. Her spelar det likevel inn at ingeniørfaget spenn veldig vidt.

Revisjon
PwC er oppe på ein 7. plass, men scorar lågare på kjennskap enn Visma  med 68. Deloitte er på 9.plass, men også dei har lågare kjennskap med 70 %. E&Y kjem på 10.plass, med kjennskap på heile 85 %. KPMG er på 28. plass, med 69 % kjennskap.

Fullstendig artikkel og den rangerte lista over økonomibedrifter

Opprettet:  14.05.12
Endret:  14.05.12

NARF © 2014 | Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening | Postboks 99 Sentrum, 0101 Oslo | post@narf.no | 23 35 69 00 | Personvernerklæring